Kurs Våren 2026
Me ser føre oss tre kurs i Ryfylke birøktarlag no på vinteren/vårparten 2026.
Alle som har hatt bier eit par år, kan hive seg med på kursa.
I tillegg til meir kunnskap får ein sosialt samvær med andre birøktarar og styrka nettverk rund seg.
For alle kursa er det påmelding innan 31.01.2026 til
1. Honningbehandling. Dato oppstart 16.02.2026
Kurset har 5 samlingar med tema som: - hygiene, slyngerom, skrelling, slynging,
siling, røring, vann prosent, honningsmak, risikopunkt, HMS m.m….
https://ryfylkebirokterlag.no/index.php/kurs/honningbehandling
2. Kompetansekurs (sertifiseringskurs). Dato oppstart 17.02.2026
Målet er å gje birøktaren god kunnskap om ulike sjukdommar på bier og kunnskap
om sjukdomsforebygging. Det er ein kunnskapstest til slutt, og godkjent test gjev rett
til eigensertifisering av eigen bigard.
https://ryfylkebirokterlag.no/index.php/kurs/kompetansekurs
3. Dronningavlskurs – omlarving. Dato: i slutten av mai
Målet er at du på kort tid skal læra å omlarva nyklekte larver i eigen bigard for å avla
fram fleire dronninger, - og så gjerne fara til paringsstasjonen på Fundingsland for å
få dei para der.
https://ryfylkebirokterlag.no/index.php/kurs/dronningavlskurs-2026-omlarving
- Detaljer
- Skrevet av: Arild Vervik
- Kategori: Nyheter
Ryfylke Birøkterlag og Grasrotandel
- gå inn på norsk tippings "finn grasrotmottaker"
-
legg inn vårt organisasjonsnummer "932809230"
-
sett inn som grasrotmottaker.
- Detaljer
- Skrevet av: Arild Vervik
- Kategori: Nyheter