Dronning

Målet er at du på kort tid skal læra å omlarva nyklekte larver i eigen bigard for å avla
fram fleire dronninger, - og så gjerne fara til paringsstasjonen på Fundingsland for å
få dei para der.

Kurset består av ein laurdag teori, og deretter ein kort dag med øving i praksis.
Kurset er prøvt i laget vårt, og det har fått gode tilbakemeldingar.
Kurslærar er Bernt Jarl Berge.

Kursdagar må tilpassast veret, så dato vert bestemt når vêrmeldingane er gode. I fjor
vart teoridelen lagt til ein fin laurdag i slutten av mai.

Påmelding innan 31.01.2026 til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Tid: i slutten av mai
Pris for kurset kr 500