Veret har vore heller kaldt og regnfullt i det siste, så biene har vore avventande. Håpar på
betre tider utover i sesongen.

Tysdag 9. juni vart paringsstasjonen på Fundingsland klar for bruk. Me set ut 6
kuber som er i god utvikling og har mange dronar. Dette er snille bier av god avl. Det er ikkje
nær slektskap med det som stod på stasjonen i fjor, - så me får ikkje innavl.

Me er glade for å ha fått svært god økonomisk støtte frå:

  • Ryfylkefondet
  • Rogaland Sparebank
  • Rogaland fylke - regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket

Mange takk til sponsorane våre!

Informasjon om reglar og bruk er sendt ut til alle medlemmane i Ryfylke Birøktarlag.

For ytterlegare informasjon, ta kontakt med Birøktarlaget anten via nettsidene våre eller med leiar Asbjørn Ask på telefon 907 28 784.